Ja, i dag var det haust ute. Trea er no på god veg inn i sin raud-gule fase, lufta kjennest klårare og fuglane kvitrar ikkje fullt så mykje. Det er mindre enn 5 grader om morgonen, ubestemmelege regnbyger til alle døgnets tider, og eg kjenner ei trong til å gå med tjukkelubber innandørs. Men eg må seie at eg likar det. Når det endeleg er vorten skikkeleg haust, tykkjer eg det er fint. Skjerf, luer og tjukke jakker må på, og ein har eit godt argument for å lage kakao.
Men hausten er òg sannsynlegvis den travlaste tida av året, og eg må seie at det merkast, men heldigvis var det nokon som ein gong i tida fann opp haustferie, og ta-daa! Det er i morgon : ) Eg har (nesten) absolutt ingen planar i det heile. Eg skal slappe av, og tilbringe tida med vener og kjente. (Og så må eg gjere litt matte… -.-) Og etterpå er det fullt kjør att, men det skal me ikkje tenkje på no.
Det har vorte ganske lenge sidan sist eg skreiv, det var vel rundt bursdagen til mamma, og etter det har det skjedd litt av kvart. Forrige helg hadde eg ein knallkveld med Valeria, Sindre og Thomas, der me spelte bowling og åt taco heime hos Valeria : ) Det heile enda med ABBA-SingStar og Fist of Zen (eg seier ikkje meir… : P). Men skoy var det! Eg hadde òg besøk av Bertha, for første gong etter at ho flytta til Bergen. Me hadde ein koseleg kveld her heime, med pizza, godteri og Anastasia x) Forresten så fekk eg ny mobil på fredag: goodbye til min gamle, herpa 6300, og say hello til Nokia 5800 Xpress Music <3
Trykk på biletet for større versj.
I går var eg på den årlege norsk-russiske talent-konserten til Youth Assembleis of Art, som var i konsertsalen på vgs. Det var heilt knall, dei ungane der er så heilt utruleg flinke! Berre 13-14 år og spelar som gudar på fiolin, piano og tverrfløyte. Anbefalast til alle som har moglegheita, dei skal ha konsert både i Bergen og på Huglo no i helga. Eg tykte (kanskje fordi eg spelar piano sjølv) at pianisten var heilt monster på klaveret! Altså, på ein god måte ; P Han var heilt fantastisk, til berre å vere 14 år. Så slikt gir inspirasjon til å øve, det må eg seie. Diverre er dette kanskje siste turnéen som vert arrangert : (
Eg har forresten ikkje nemt for dykk at eg no ikkje lenger er singel og på leit? Hehe ; ) Skal ikkje leggje ut om alle detaljar, men eg kan sei såpass at han heiter Asbjørn og går i tredje klasse på musikklinja : D Han spelar piano, slik som eg (og er utruleg flink!), og han er keeper på Trott : ) Utruleg kjekk og snill, herleg til tusen <3 Akkurat no er han i Budapest på klassetur, men i haustferien vert det nok mykje tid til å finne på noko kjekt ;-D
Så, i morgon er det fagdag i spansk. Vert ikkje vidare morosamt, men det skal verta godt å få helg! Emily (my American friend) kjem nok ein tur i morgon og eter pannekaker, og på laurdag kjem Valeria, Sindre og Thomas til meg : ) Satsar på same suksess som forrige gong : P Noko meir er det vel ikkje å fortelje, det kjem nok fleire innlegg tutlande i løpet av ferien. Me snakkast!
![]()












